Her er du: Startsiden » Vis artikkel
Kontakt/ informasjon

  Samisk - Samigiella » Barnetrinn » Bakgrunnsstoff

« Tilbake  
Samisk eventyr

Navesjande og Asjesjande

To kvinner bodde på ei vidde, den eine var navesjande og den andre var asjesjande. Begge hadde reinar, og kvar kveld kom reinen av seg sjølv for å bli mjølka.

Navesjande var snill mot reinane sine, men asjesjande var vond. Så kom reinen hennar til navesjande og gjekk ikkje til asjesande. Da vart asjesjande vond og drap reinen til navesjande. Ho kalla på sine eigne reinar,men dei kom ikkje-og sprang av stad som villrein.

No vart navesjande svært fattig. Ho hadde ein son og ei dotter. Så kom asjesjande og tok sonen mens han enno var liten. Han vart stor og ein flink skyttar. Han skaut mange villreinar.

Ein kveld sat navesjande og dotter hennar skulle få seg kveldsmat. Då sa mora:»Hadde eg endå fått ha guten min for den vonde asjesjande»
Detter høyrde guten, for han var gått dit og låg på gammetaket. Så gikk han inn og sa:
«Her er eg mor». Og no skaffa han dei reinkjøt, så dei hadde det godt. Men så ville den vonde asjesjande drepe guten. Ho vart sjuk og døydde. Då var ikkje ho til plage meir. Navesjande hadde geit. Den mjølka ho.

Dottera fekk no lyst til å gå i kyrkja, så ho kunne sjå andre folk. «Kjære dotter»,sa mora, «du har ikkje klede til å gå i kyrkja med».
Då sa geita:» Eg skal vel skaffe deg klede. Gå sør under haugen ved midnattstid, så får du sjå-»
Jenta gjorde det, så fann ho ein kjole av silke, ein av sølv og ein av gull-og gullskor. Ho tok dei med til gamma. Ved neste messe tok ho så silkekjolen på seg og gjekk til kyrkja.
Mange glåmde på jenta som hadde så fin kjole. Prinsen var og i kyrkja, og han fekk aldri auga sine frå den vakre jenta. Han tenkte å snakke til henne. Men før han visste av det, var ho borte.

Så kom søndagen. Då tok jenta på seg sølvkjole og gjekk til kyrkja. No høyrde ingen på det presten sa, men berre glåmde på den vakre jenta. Og prinsen ville treffe henne,men før han visste, var ho ute av kyrkja og borte.

Tredje søndagen tok jenta gullkjolen på, og gjekk til kyrkja. Då var kyrkja så full av folk som ville sjå den jenta, og presten fekk mest ikkje sagt eit ord, for han og laut sjå på den fagre jomfrua. Prinsen var ute av seg då han ikkje nådde til å få snakke med henne denne gongen heller. Men ved neste messe fekk han ein til å passe på ved kyrkjedøra, og han kneip den eine gullskoen til jenta.

Så let prinsen lyse ut aat den som hadde maken til gullskoen som var mista i kyrkja ved siste messe, ville han gifte seg med. Men ingen kom og viste fram maken,

Så måtte prinsen sjølv passe på ved kyrkjedøra då det atter vart messe. Då fekk han tak i henne, og førte henne heim til kongsgarden. Og så vart det tura bryllaup. Eg vart ikkje beden.

Avskrift av en kopi ved Skibotn skole.
Bok/forfatter ukjent.

Les om Jenta som ble til ei gulland.




Skriv ut artikkel.

Skrevet av Edith S.B.Båhl, fredag, 09.04.2010 - klokken 10:52
Sist endret: torsdag, 28.04.2022 - klokken 14:54
- Design/ utvikling: STORFJORD DATA 2©06 -